NæringsVrimmel
28.august 2026
Haustens mest spennande fest for næringslivet i Indre Vestland
Reis saman med kollegaer og møt samarbeidspartnarar, næringslivsleiarar, politikarar og andre som vil vera med og utvikla Indre Vestland.
Denne kvelden vil du ikkje gå glipp av!
NæringsVrimmel vert arrangert i dei heilt unike omgjevnadene hos Voss Sag og Tradisjonsbygg.
Billetten inkluderer grillmat frå Smalahovetunet, transport til og frå lokalet, prisutdelingar, konsertar, DJ og ein kveld du seint kjem til å gløyma!
Ein fest for næringslivet på tvers av bransjar og kommunegrenser.
Slik blir kvelden
17.30 Felles buss frå Uttrågata 20
18.00 Registrering og velkomst på Voss Sag og Tradisjonsbygg
18.30 Opning ved konferansier Eirik Straume
18.45 Prisutdeling
19.00 Matservering opnar
20.00 Konsertar og underhaldning
01.00 Buss tilbake til Vangen
Voss Sag og Tradisjonsbygg
Næringsfesten 2026 går av stabelen i unike omgjevnader på Istad hjå Voss Sag og Tradisjonsbygg.
Verksemda vart etablert i 2012. Her blir det produsert alt frå laftetømmer og grov firkant til kjerneved og spesialdimensjonar som ikkje er å finne på den vanlege byggevarehandelen.
Kvifor har me valt akkurat denne staden?
Fordi Voss Sag og Tradisjonsbygg er eit godt døme på det næringslivet i Indre Vestland er tufta på: folk som ser moglegheiter, tek risiko og byggjer stein på stein.
Og ja – dette er truleg eit av dei råaste festlokala i Indre Vestland.
Ofte stilte spørsmål
-
Ja!
-
Vi har bindande påmelding for å sikre forutsigbarheit. Du kan derfor ikkje melde deg av, men du kan overføre billetten til ein kollega. Det gjer du ved å sende epost med nytt namn til: post@ivnr.no
-
Nei, Næringsfesten er for alle — frå gründer til konsernsjef.
-
Billetten kostar 995,- inkl. mva og inkluderer transport, grillmat og velkomstdrink. Drikke kjem i tillegg.
-
På Voss Sag og Tradisjonsbygg på Istad.
-
Nei. NæringsVrimmel går føre seg innandørs på Voss Sag og Tradisjonsbygg, så her vert det fest uansett vêr. Det kan vera litt svalt i lokalet utover kvelden, så hiv gjerne med deg ei jakke.
-
Det er eit avgrensa tal parkeringsplassar, så me tilrår å ta felles busstransport til/frå Uttrågata 20.
-
Det er ikkje eit stort program. Du kan vente deg god mat, masse folk og hyggjeleg stemningsmusikk. Arrangementet blir opna av konferansier Eirik Straume frå scenen. I løpet av kvelden deler me ut to prisar. Og så blir det eit par - tre gode konsertar
-
Det kan du!
-
Niks! Men dei fleste pyntar seg litt for anledninga.
Sikre deg plass på
NæringsVrimmel 2026
Kjøp billett i dag.