Regionale planar må leggja til rette for verdiskaping i heile Vestland

Indre Vestland Næringsråd har levert høyringsinnspel til Vestland Fylkeskommune sine regionale planar for verdiskaping og kompetanse, og for areal og mobilitet. Me er opptekne av at planane tek omsyn til næringslivet i distrikta og legg til rette for utvikling, investeringar og nye arbeidsplassar i heile regionen.

Kvifor engasjerer me oss i dei regionale planane?

Indre Vestland Næringsråd har sendt inn høyringsuttalar til dei regionale planane for verdiskaping og kompetanse og for areal og mobilitet. Grunnen er enkel: Desse planane vil leggje viktige føringar for korleis Voss og Indre Vestland kan utvikle seg i åra framover.

 

Me ønskjer særleg å sikre at ambisjonen om verdiskaping i heile Vestland faktisk får konsekvensar i distrikta. Det betyr mellom anna betre tilgang på relevant kompetanse og yrkesfag, nok kraft og nettkapasitet, eigna næringsareal og eit robust veg- og banenett. Samstundes meiner me at Voss si rolle som regionsenter må fyllast med konkret innhald, og at regionale føringar må gi rom for vidare utvikling av bygdene, reiselivet og det lokale næringslivet.

 

Kort sagt ønskjer me regionale planar som tek omsyn til dei store geografiske skilnadene i Vestland, og som gjev næringslivet i Indre Vestland gode og føreseielege rammevilkår for å investere, skape arbeidsplassar og utvikle regionen vidare.

-Sjur Hermann Rørlien
Styremedlem

Neste
Neste

Areal for vekst