Areal for vekst
Ny arealstrategi kan få store konsekvenser for utviklinga av Voss
Voss herad arbeider med ny arealstrategi. Planen skal styre kor det kan byggjast i framtida, og kan få betydning for både bustader, næringsareal, hytteutbygging og utviklinga av bygdene. Indre Vestland Næringsråd oppmodar næringslivet til å setje seg inn i saka og kome med innspel.
Kort fortalt. Det vorte eit større fokus på det som vert omtala som ”bit for bit” nedbygginga av natur i Noreg. Kvar kommune i Noreg har årleg nedbygging av natur som i kvar kommune reknar som akseptabel, men viss ein ser alle kommunar samla, vert rekna som betydelege. Og ser ein på vedtatte reguleringsplanar i Noreg samla med framtidig nedbygging, forstår ein fort at dette er ikkje ser bra ut på papiret.
Dette vil ein no til livs. Resultatet av dette vert det ein kalla planvask. Alle gyldige reguleringsplanar innan busetnad, fritid/hytte, og industri skal under lupa, og omsyn til natur er med på å bestemme skjebnen til kvar plan. I tillegg er nyleg vedtatt plan for kor Voss herad ynskjer ny busetnad, som i utgangspunktet er avgrensa til regionssenter og dei tre grendasentera, i tillegg til alder på reguleringsplanen med på avgjere skjebnen til planen. Nokon planar vert strøke i det heile, og nokon vert minska. Når det gjeld nye reguleringsplanar vil omsyn til natur spele ei hovudrolle. Det uttalte målet er at framtidig utbygging i hovudsak skal skje på det som vert kalla «grå areal». Du kan lese meir om dette i eit nyleg framlagt planforslag utarbeida av Voss herad her.
Indre Vestland Næringsråd ved Anders Lauritzen og underteikna har deltatt i ei ekstern referansegruppe i lag med andre interessegrupper for å bli presentert arbeidet utført av planavdelinga i Voss herad.
Det har vore interessant, og samtidig tankevekkande å bli informert om prosessen, og kva grunnlag som er nytta i arbeidet med planen. Her må planavdelinga få skryt for det arbeidet som er lagt ned ut i frå dei avgrensa ressursane dei har til råde. Vi har fått delta i tre møter, kvar på 1,5 timar. Alle som var til stades fekk stille spørsmål, og kome med kommentarar. Mi oppsummering av møta er at dei for det fyrste skulle vore lengre. Vi opplevde at vi i alle møta hadde for lita tid til å diskutere, og kome med spørsmål. For det andre var inntrykket at dei var lagt opp til å informere om prosessen dei hadde gjort, i staden for at vi fekk moglegheit til å påverke prosessen, eller få retta opp i mogleg feilaktige slutningsgrunnlag. At planen er prega av hastverk grunna for korte fristar. Dette er kanskje for mykje å be om i slike møter, og denne jobben må vi nok gjere i høyringsinnspela i etterkant.
Kva betyr den nye arealplanen for deg? Jo, den bestemmer kor og kva du får bygge i framtida. Den avgrensar arealet vi får bygge og utvikle i heradet. Indirekte vil den bestemme verdien på arealet du eig i dag, prisen på ledige tomter, prisen på attraktive tomter med og utan hus/hytte, føre til fortetting, sentralisering av busetnad, endra føresetnader for grendene, med meir.
Kva betyr bransjen for næringslivet? Færre reguleringsplanar vil i framtida verte godkjent, mindre nybygging av alt, større kamp om ledig areal i regions- og grendesenter, med meir.
Kva gjer Indre Vestland Næringsråd? Vi kjem til å jobbe med næringslivet for å gjere konsekvensane av den føreslegne planen så små som mogleg. Denne arealplanen vil få så store konsekvensar for framtida til Voss herad slik at alle må få nok tid til å arbeide med denne, og få moglegheit til å uttale seg. Ikkje minst sikre at slutningsgrunnlaga planen er basert på er korrekte og oppdaterte.
Spørsmål vi bør diskutere er til dømes. Skal vi kutte så mykje eller så lite som mogleg i vedtatte planar? Kan vi heller kutte i fleire omgangar, i staden for å ta alt på ein gong? Skal kva reguleringsplan diskuterast einskild, eller kan avgjersler ankast. Kompenasjon for økonomiske tap?
Ta kontakt med rådet dersom du har meiningar om denne saka.
- Kjetil Tverberg
Styremedlem