Beredskap er også næringsutvikling
Mange tenkjer at beredskap først og fremst er noko for store verksemder eller offentlege aktørar. Slik er det ikkje. Tvert imot: små og mellomstore bedrifter er ofte dei mest sårbare og dermed dei som har mest å vinne på å vere førebudde.
I dagens risikobilete kan uventa hendingar ramme alle. Cyberangrep, straumbrot, ekstremvêr, sjukdom, leveransesvikt eller tekniske feil er ikkje lenger unntak, det er reelle scenario som alle verksemder må ta høgde for.
Kvifor er dette så viktig?
For små bedrifter kan konsekvensane av ei krise bli ekstra store:
Eit kort driftsavbrot kan gi store økonomiske tap
Tap av kundetillit kan vere vanskeleg å bygge opp igjen
Manglande beredskap kan i verste fall truge heile eksistensen
Små verksemder har ofte mindre reservekapasitet enn større aktørar. Difor er evna til å handtere det uventa avgjerande for å overleve og kome raskt tilbake til normal drift.
Still gjerne spørsmålet: Trur du at ditt firma vil kunne oppretthalde normal drift ved ein unntakstilstand?
Beredskap handlar ikkje om å forutse alt
God beredskap betyr ikkje at ein skal kunne føreseie alle kriser. Det handlar om å vere førebudd på å handtere det som faktisk skjer – når det skjer.
Det handlar mellom anna om å:
ha ein enkel og oppdatert plan
vite kva som er kritisk for drifta
ha tydelege roller og ansvar
sikre god intern kommunikasjon
Når dette er på plass, kan ein ta raskare og betre avgjerder under press.
Små bedrifter er ein del av noko større
Kvar enkelt bedrift er også ein del av eit større system, lokalsamfunn, verdikjeder og samfunnsøkonomien. Når ein liten aktør stoppar opp, kan det få ringverknader for mange andre.
Myndigheitene peikar nettopp på dette: god beredskap i verksemder er avgjerande for å halde hjula i gang i samfunnet, både i kvardagen og i kriser.
Alle kan vera utsatt for etteretning
Russland, Kina og Iran er dei landa som PST ser på som driver med mest omfattande etterretning i Noreg. Etterretning går på å skaffe seg informasjon på både lovlege og ulovlege måtar, innanfor mange ulike fagfelt.
Alle kan være utsatt! Vær bevisst på kva du legg ut av informasjon om eige firma. Vær skeptisk til tilbod, som åpenbart er for gode. Vær skeptisk til kontakter, spesielt ved reise på messer i utlandet. Husk at ansatte kan være sårbare for press fra aktører når det gjelder spionasje.
Unngå møter med ukjente alene. Vær forsiktig med å koble deg til åpne Wifi-nettverk.
Vær overvåken! Meld frå til politi, PST dersom du blir utsatt for noko mistenkeleg.
Frå plan til handling
Mange verksemder har planar, men utfordringa kjem når planar faktisk må fungere i praksis. Difor er det viktig å jobbe systematisk med:
øving og trening
læring etter hendingar
kontinuerleg forbetring
Beredskap er ikkje eit dokument i ein skuff, det er ein del av kulturen i verksemda.
Ei klar oppmoding
Beredskap er ikkje berre ein kostnad, det er ein investering i tryggleik, stabilitet og framtidig verdiskaping.
For små bedrifter handlar det i praksis om dette:
Ver førebudd
Kjenn risikoen din
Ha ein plan – og bruk han
For når noko først skjer, er det for seint å starte planlegginga.
-Hedvig Røhnebæk
Nestleiar