Besøksstrategien må styrkje utviklingskrafta på Voss

23.06.26

Voss herad har sendt forslag til ny strategi på høyring. Indre Vestland Næringsråd støttar arbeidet, men meiner det er avgjerande at strategien legg til rette for vidare vekst, investeringar og utvikling i reiselivet

Voss er ein av dei sterkaste reiselivsdestinasjonane i landet, og reiselivet er ein viktig motor for verdiskaping, arbeidsplassar og aktiviteter i regionen. Difor meiner Indre Vestland Næringsråd at det er positivt at Voss herad no arbeider med ein strategi for besøksforvalting.

I høyringsinnspelet peikar næringsrådet særleg på fem tema som blir viktige i det vidare arbeidet.

  1. Besøksstrategi og besøksbidrag må vurderast kvar for seg.

    Næringsrådet meiner at ein besøksstrategi bør handle om mål, retning og prioriteringar for reiselivet. Spørsmålet om eit eventuelt besøksbidrag er derimot eit finansieringsspørsmål som bør behandlast gjennom eigne prosessar

  2. Utviklingskrafta må takast vare på

    Utviklinga av Voss som destinasjon er skapt gjennom investeringar, entreprenørskap og samarbeid mellom næringsliv og offentlege aktørar. Strategien må byggje vidare på denne styrken og sikre gode rammevilkår for vidare utvikling.

  3. Ambisjonar må følgjast opp med ressurser

    Strategien inneheld ei rekkje tiltak og forventningar til ulike aktørar. Skal desse gjennomførast, må det også følge med tilstrekkelige ressursar og realistisk finansiering.

  4. Voss må planleggjast som ein reiselivskommune

    Reiselivet påverkar alt frå transport og parkering til arealutvikling og offentlege møteplassar. Næringsrådet meiner difor at reiselivsperspektivet må vere ein naturleg del av den langsiktige samfunnsplanlegginga.

  5. Heilårs aktivitet gir meir robuste arbeidsplassar

    Eit sterkare fokus på heilårs reiseliv kan bidra til jamnare besøksstraumar, betre kapasitetsutnytting og meir stabile arbeidsplassar. Difor bør produktutvikling og innovasjon vere ein sentral del av strategien.


Næringsrådet ser fram til vidare dialog om besøksstrategien og meiner dette kan bli eit viktig verktøy for å sikre ei berekraftig og lønsam utvikling av reiselivet på Voss i åra som kjem.

Les heile høyringsinnspelet her

-Knut Kettermann
Styremedlem

Previous
Previous

Areal for vekst

Next
Next

Beredskap er også næringsutvikling