Kven fortener ein Vrimmelpris?

På NæringsVrimmel 28. august skal me løfta fram nokre av dei som er med på å skapa eit sterkt og framtidsretta næringsliv i Indre Vestland.
Denne kvelden deler me ut tre prisar til menneske og verksemder som har utmerkt seg innan verdiskaping, nyskaping og leiarskap.

Kvar prisvinnar får ein gåvesjekk på 5 000 kroner frå Vekselbanken.

No treng me hjelp til å finna dei rette kandidatane. Du kan senda inn forslag på éin eller fleire kandidatar, saman med ei kort grunngjeving.
Årets jury er styret i Indre Vestland Næringsråd.

Årets Verdiskapar

Går til ei verksemd som har utmerkt seg gjennom verdiskaping i Indre Vestland.

Juryen vil leggja vekt på:

  • arbeidsplassar og verdiskaping i regionen

  • positiv og berekraftig utvikling over tid

  • evne til omstilling

  • lokale ringverknader

  • samfunnsansvar og bidrag til lokalsamfunnet

  • positiv profilering av Indre Vestland

 
 

Årets Nyskapar

Går til ei verksemd, ein organisasjon eller ein person som har tenkt nytt og skapt nye moglegheiter.

Juryen vil leggja vekt på:

  • nye produkt, tenester eller løysingar

  • kreativitet og evne til å tenkja nytt

  • gjennomføringskraft

  • potensial for vekst og marknad

  • berekraft

  • positive ringverknader i regionen

Årets unge leiar

Går til ein ung leiar som har utmerkt seg gjennom godt leiarskap og bidrege positivt til utviklinga av verksemda.

Juryen vil leggja vekt på:

  • evne til å skapa engasjement og byggja lag

  • gode resultat

  • utvikling og involvering av medarbeidarar

  • tydeleg og tillitsfullt leiarskap

  • mot til å ta ansvar og stå i krevjande situasjonar

  • bidrag til utvikling av verksemda

Kandidaten må vera under 40 år.