Ei sterk stemme for næringslivet
i Indre Vestland
Kvifor bli medlem av IVNR?
For meg handlar dette om å samle næringslivet og skape noko større saman. Som medlem i IVNR får du ikkje berre eit nettverk, du får ei stemme inn i saker som betyr noko for utviklinga av regionen vår.
Me treng fleire som vil vere med å påverka, dele erfaringar og byggje Indre Vestland vidare.
-Anders Hegland Lauritzen
Styreleiar
Dette meiner Indre Vestland Næringsråd
Areal for vekst
Skrive av Kjetil Tverberg
Kommuneplanens arealdel vil leggja viktige føringar for korleis Voss kan utviklast dei komande åra.
For næringslivet handlar dette om tilgang på areal, investeringar og mogleghieter for vidare vekst.
Besøksstrategien må styrkja Voss
Skrive av Knut Kettermann
Voss herad har sendt forslag til ny strategi på høyring.
Indre Vestland Næringsråd støttar arbeidet, men meiner det er avgjerande at strategien legg til rette for vidare vekst, investeringar og utvikling i reiselivet.
Beredskap er også næringsutvikling
Skrive av Hedvig Røhnebæk
God beredskap handlar om å vere førebudd før krisa kjem. Difor bør også små og mellomstore bedrifter ha ein plan for det uventa.
Arrangement:
Fredrik Fornes:
Slutt å skrive ræva stillingsannonser
26 august 2026
Voss Kulturhus
Korleis skrive stillingsannonsar som tiltrekkjer dei rette folka?
NæringsVrimmel
28 august 2026
Voss Sag og Tradisjonsbygg
Årets viktigste fest for
næringslivet i Indre Vestland!
Kven er me?
Indre Vestland Næringsråd er ein uavhengig næringsorganisasjon som jobbar for å styrke rammevilkåra for næringslivet i regionen. Me samlar aktørar på tvers av bransjar og kommunar, og omset innsikt, erfaring og behov frå næringslivet til konkrete innspel og påverknad.
Gjennom tett samarbeid med medlemmar, offentlege aktørar og regionale partnarar, skal me bidra til å utvikle løysingar som gir vekst, innovasjon og berekraftige lokalsamfunn i Indre Vestland.
95
medlemsbedrifter
Me løftar næringslivet sine saker og står på for betre rammevilkår, til det beste for medlemmane våre og regionen
Ofte stilte spørsmål
-
Indre Vestland Næringsråd er eit medlemsbasert nettverk og interesseorgan for næringslivet i regionen. Me jobbar med å styrke rammevilkåra for næringslivet og løfte viktige saker politisk på vegne av medlemsbedriftene og regionen.
-
Alle verksemder og enkeltpersonsforetak som ynskjer eit sterkt og framtidsretta næringsliv i Indre Vestland kan bli medlem
-
Indre Vestland Næringsråd er eit medlemsbasert nettverk og interesseorgan for næringslivet i regionen. Me jobbar med å styrke rammevilkåra for næringslivet og løfte viktige saker politisk på vegne av medlemsbedriftene og regionen.
Hardanger og Voss Næringshage jobbar direkte med bedriftsutvikling, rådgiving og innovasjon for enkeltbedrifter og gründerar. Dei tilbyr mellom anna sparring, prosjektstøtte og hjelp til vekst og utvikling, og arrangerer òg fleire faglege møteplassar og arrangement for næringslivet.
Kort fortalt:
Næringsrådet jobbar for næringslivet sine felles interesser og rammevilkår – næringshagen jobbar tett med utvikling av bedrifter og gründarar.
-
Du blir ein del av eit større fellesskap som arbeider for vekst og utvikling i regionen. Som medlem får du tilgang til nettverk, arrangement og ei sterkare felles stemme i saker som påverkar næringslivet. Samtidig bidreg du til å styrkja arbeidet for heile regionen.
-
Det er enkelt. Ta kontakt med oss på e-post eller gjennom styret. Me ynskjer innspel frå medlemsbedriftene våre og vurderer fortløpande kva saker næringsrådet skal løfta vidare.
-
Me snakkar på vegne av medlemsbedriftene våre og arbeider for det som er best for næringslivet i Indre Vestland som heilskap. Målet er ikkje å fremja enkeltbedrifter, men å styrkja regionen sine vilkår for vekst, verdiskaping og arbeidsplassar.
Tilbakemeldingar
“Næringsrådet har for alvor satt fart på samarbeidet mellom offentleg og privat sektor. Sidan oppstarten i 2023 har me fått på plass felles møter kvar månad, me har gjennomført fleire viktige samarbeidsprosjekt og me har fått betre oversikt over felles utfordringar og moglegheiter.
Med ein strategisk næringsplan i botn jobbar me som eit lag med å løysa både ad hoc utfordringar og langsiktige utviklingsprosjekt. Me har rett og slett nærma oss kvarandre, det er mindre «oss og dei» og det gjev energi å dra lasset saman. Næringsrådet får rett og slett fart på bygda og regionen.”
— Kaia Finne, Næringssjef Voss herad“Næringsrådet er viktig fordi det samler aktører på tvers av bransjer og bidrar til ein felles stemme for næringslivet i regionen.
Gjennom arbeidet dekans skapes det møteplasser, samarbeid og påvirkningskraft som styrker utviklingen og konkurransekraften lokalt.
Eg opplever at næringsrådet bidrar med konkret verdi ved å lyfte felles saker, koble mennesker og legge til rette for vekst og nye muligheiter”
— Narve Gjeraldstveit, Gjeraldstveit Mekaniske
Skap framtida di i ein region med røter
Saman med Voss herad jobbar IVNR med prosjektet “ViKallar”. Eit initiativ som skal løfte fram moglegheitene som finst i regionen vår og styrke rekruttering, stoltheit og tilflytting.
Prosjektet skal skape møteplassar mellom næringsliv, unge talent og lokalsamfunn, og vise fram breidda av arbeidsplassar og karrieremoglegheiter på Voss. “ViKallar” er støtta av Kraftfondet og er eit godt døme på korleis samarbeid mellom offentleg og privat sektor kan bidra til positiv utvikling i regionen.